Det er med stor treningsglede at vi kan presentere eit litt annleis treningskonsept med Silje Vik, der kontakt med kropp, styrke og teknikk, samt tilstedeværelse og eigenkjærleik står i førersetet!

Verdensdagens for psykisk helse er den 10. oktober med temaet #lagplass – derfor er fokuset på å TA PLASS i og med egen kropp på denne timen!
Silje er ein stor advokat for trening som eit kraftfullt verkemiddel både for å byggje livskraft, kjenne på glede og mestring, skape resiliens og byggje eit større toleransesvindu for stress i nervesystemet. Alt dette kan overførast til livet sjølv og gjere ein sterkare rusta til å imøtekomme det livet har å by på.

Ein heilskapeleg tilnærming til kropp og bevegelse legger grunnlaget for konseptet, der vi integrerer styrke både i det emosjonelle, mentale, kroppslege og det sjelelege – og derfor navnet EMBODIED STRENGHT!

Dette er ein time med kroppsvektstrening med både dynamisk oppvarming, styrketrening og avspenning, der alle delene bidrar med viktige element inn i timens tema.

Vi jobber med og etter kroppens behov, tar omsyn og lærer å lytte til kroppens syklus, samt opner opp for eigen kraft, den kroppslege leken og lar den gode meistringskjensla komme fram.

Styrketrening er essensielt for kroppen (som vi skal både lære og oppleve på disse timene) og har så mange positive ringverknader; både for den fysiske kroppen, vårt hormonsystem, den psykiske helsa og for eigen sjølvutvikling og tilstedeværing i livet.

Klar for å bli kjend med din eigen kraft og komme i djup kontakt med kroppen gjennom rå og deilig styrketrening?