Team ERA

SIW KOLSTAD

93492175

post@siwraw.no

SIWRAW & blei til etter fleire år med erfaring fra skulekjøkkenet og i kokkfaget. Den kreative og store lidenskapen for gode råvarer frå planteriket gav rom for produktutvikling, grønare catering og ulike kurs/workshops. Som bakgrunn er eg utdanna adjunkt med tilleggsutdanning, og eg har eksamen og erfaring i kokkfaget.  Frå august 2019 har eg hatt eige produksjonskjøkken. SIWRAW er blitt eige varemerke for plantebaserte, glutenfrie produkt innan raw food. Eg sel mest fermentert kimchi og raw barar.

Dei raw kakene fra SIWRAW kan lagast i uendeleg mange variantar. No er sesongen for norske råvarer på sitt beste og raw gulrotkake bør alle smake ein gong i livet  Eller kanskje raw eplekake? På kurs med meg får du og lære å lage raw kaker og barar i Keto- variantar. Det vil seie at blodsukkeret ikkje stig då vi kun brukar råvarer med lavt innhold av karbohydrat.

Ved fermentering av grønnsaker er det melkesyregjæring vi brukar som metode. Denne urgamle måten å konservere grønnsaker på gir både gode smakar, lang haldbarheit og mengder av gode melkesyrebakterier i kvar munnfull. Dette er supermat for våre moderne tarmar.  Her vil du oppdage nye smakar du ikkje visste fantes. Bli med for å smake og lære. Velkommen med!

Med vennlig hilsen Siw

For mer info om SIWRAW & gå til https://siwraw.no/