Sidan 2007 har eg studert Tibetansk Buddhisme og praksis hjå den høgtståande legen og Buddhistmeisteren Tulku Lobsang Rinpoche. Eg er sertifisert instruktør og educater, og har undervist sidan 2009, i Lu Jong (Healing Yoga), Tog Chöd (Sverddans), Mindfulness og 5 element praksis.
Eg er utdanna vernepleier og har jobba som miljøterapeut fram til 2005. Eg vart då ramma av ME i alvorleg grad. Mitt møte med Tulku Lobsang og hans teknikker, fekk meg gradvis på beina og har lært meg å akseptere smerter og det å ikkje fungere slik som samfunnet i stor grad forventer. Eg oppdaga at til meir eg klarte å vera tilstades her og no, og få kontakt med kroppen, pusten og tankane, til meir energi, kraft og glede fekk eg. Ved å trene desse teknikkane, kjenner ein seg meir sjølvstendig, sterk og robust til å møte utfordringer.
Eg har gjennom desse åra møtt mange mennesker med ulike sjukdomstilstander og utfordringer. Det som er felles er at når me er tilstades her og no, er lite uhåndterleg og ein kjenner fred og glede. Denne tilstadeværelsen oppnås raskt gjennom desse praksisane. Min erfaring er at kontinuerleg trening av desse øvelsane kan endre eins liv.
I Era vil eg tilby kurs og utdanning (sertifisering hos Tulku Lobsang Rinpoche) i Lu Jong, Tibetansk 5 element praksis og Tog Chöd.
Lu Jong – Tibetansk Healing Yoga
Lu Jong er ein praksis der ein trener kropp, pust og sinn, kombinert med Mindfulness. Dei gjentekne øvelsane presser på spesifikke punkter langs kanalene i kroppen (i den subtile kropp), som ein indre massasje som løyser opp mentale og fysiske blokkeringer. Då vil elementene og livskreftene i kroppen bli balansert. Dette kan redusere/fjerne smerter, gjere at me får meir styrke, mjukheit og kroppskontakt. Det vil òg kunne gje meir energi, glede og tilstadeværelse i deg sjølv. Leddene i kroppen blir pleia og negative emosjoner redusert.
Me veit at me treng å pleie den fysiske kroppen og sinnet, men mange har liten bevisstheit om kva for verktøy ein kan ta i bruk for å jobbe heilheitleg med seg sjølv. I følge den eldgamle Tibetanske læren eg underviser i, er dette avhengig av vår subtile kropp som består av 72000 kanaler, energien i kroppen og essensene. Når energien i kroppen ikkje flyt, kan heller ikke sinnet flyte.
Blokkeringer oppstår blant anna på grunn av einsidige fysiske bevegelser, dårleg søvnmønster, negative tankemønster og feil/unaturleg kosthold. Me er mykje styrt av eigne og andres forventninger, og me utvikler stress og sjukdom.
Opphavet til denne Healing Yogaen stammer frå ein fleire tusen år gamal Tibetansk lære. Desse Lu Jong øvelsane som eg underviser, er spesielt knytta til Tulku Lobsang Rinpoche, som har sett saman eit system på 23 øvelser. Han har studert Lu Jong frå han var 11 år gamal, og det har vore hans hovedlære. Han har modifisert øvelsane slik at dei kan utførast av alle og er tilpassa dei utfordringene vestlige kropper ofte har. Nesten samtlege øvelser kan utførast sitjande i stol for dei som ikkje kan stå eller sitje på golvet.
Så sjølv om det er ein svært kraftfull teknikk, kan den utføres av dei fleste. Uansett kor ein er i seg sjølv, vil ein kunne fordjupe seg både fysisk og åndeleg i Lu Jong.
Øvelsane er delt inn i 4 bolker:
- Øvelser for de 5 element
- Øvelser for kroppsdelene; ledd/musklatur
- Øvelser for vitale organ
- Øvelser for tilstander i kroppen og
- Øvelser for søvn og å våkne.
Tibetansk 5 element praksis:
Dei fem elementene er fundamentet til all eksistens. Det vil seie, alt utanfor oss sjølv, oss sjølv og vårt sinn.
Dei fem element er Rom, Jord, Vind, Ild og Vatn. Når det oppstår ubalanse i elementene i naturen, oppstår stormer, vulkaner, jorskjelv osv. Ubalanse i kroppen vår forårsaker ulike sjukdomer. Ubalanse i emosjonene, vil forårsake forsterka emosjoner, som f.eks aggresjon, irritasjon, sjalusi, nedstemtheit osv. For eksempel kan eit ubalansert vindelement føre til mykje tankekjør. Ubalansert jordelement kan føre til trøyttleik og ubalansert ild element kan føre til frustrasjon og sinne. Fysisk vil ubalansert ild kunne føre til fordøyelsesproblemer, kjensle av kulde eller varme.
Ubalanse i elementene har vorte eit større og større problem. Difor er det gledeleg å kunne tilby eit sett av balanserande praksiser i eitt system:
- Ni pust for å rense kanalene
- Kum Nye 5 element massasje
- Lu Jong 5 element øvelser
- 5 element Mindfulness-basert meditasjon
- 5 element avslapningsøvelser
Tog Chöd – Visdomens sverd, Tibetansk Sverddans
Tog Chöd er ein kraftfull, dynamisk og fysisk meditasjons teknikk. Denne dansen, ved bruk av sverd, vil raskt føre oss til tilstadeværelse her og no. Rørslene er mjuke, men òg klare og bestemte. I tillegg er pust og fokus sentralt.
Me er fanga av tankar og emosjoner, noko som oppstår av fortid og forventninger om framtid. Dette gjer at me ikkje er i det einaste som eksisterer og gjer alt klart for oss: Her og no!
Sverdet symboliserer vår eiga medfødte visdom. Med sverdet skjærer/smelter me gjennom vårt konseptuelle sinn. Me kutter tankane våre om frykt og forventninger, som hindrer oss i å vera tilstades her og no. Med visdom kan me transformere negative kjensler og endre oss sjølv. Det einaste me treng er å bestemme oss for å gjere det, noko som Tog Chöd hjelper oss med.
Tulku Lobsang Rinpoche har utvikla Tog Chöd. Sverddansen er basert på den tradisjonelle Yaman munkedansen og Kalachakra rørslene, men skapt i direkte respons på behovene til oss i den moderne verda. Me treng ein praksis for å frigjere oss frå vårt konseptuelle sinn, og som hjelper oss å forbinde oss med vår eiga kraft. I Tog Chöd bruker me sinne for å styrke krafta vår, men den djupe motivasjonen er medkjense.