Team ERA

SILJE VIK

97946222

siljeangelikavik@gmail.com

I mitt arbeid med menneske har skam, verdilaushet, sjølvutfoldelse og smerten som ligg i det vore gjentakande tematikker. Eg fann ut at eg ønska å arbeide så direkte og ærleg i møte med mennesket og deira inderlege behov på ein levande og autentisk måte som også romma min kreativitet. Difor blei Shameless Living skapt. Shameless Living er eit rom der tryggleik og aksept rår og som gir grobunn til at mennesket kan utforske, forstå og oppleve enda meir av sitt eige potensiale. Eit rom der det å vekse og møte seg sjølv skjer i rein naturlegdom. Skamlaus i sin prosess og i sitt liv. Shameless Living tilbyr og arrangerer kurs, retreats, eventer og workshops, fotografi, samt individuell oppfølging og vegleiing. Med bakgrunn som sjukepleier og personleg trener, og no eit påbegynt masterstudie i Helsefremmende arbeid og helsepsykologi, er mi hjartesak å fostre autentisitet og eigenkjærleik i menneske i deira komplekse heilskap. Sjølv er eg levande engasjert i å formidle korleis vi møter oss selv med aksept og kjærlighet for den vi er og dermed leve autentisk og holistisk. Eg har lang erfaring med vegleiing innan sjølvkjensle, livsmestring og eigenkjærleik, samt kropp, mat og ein heilskapleg tilnærming til helse. Eg elsker å skape og bringe saman mennesker i sårbarhet, utforskende openhet, autentisitet og stillhet. Så – er du klar for leve som deg, fri og sårbar i din autentisitet?