Marit Ljøsne har vore interessert i og utforska fotografering store delar av livet og har jobba aktivt med foto og digital kunst sidan 2016. Marit er utdanna barnevernspedagog med vidareutdanning i mindfulnessmeditasjon. Ho har gjennom mange år delteke på eit bredt spekter av kreative, psykologiske og spirituelle kurs og retreater. Fordjuping i menneske og vår indre væren og visdom har vore noko av det Marit har intressert seg aller mest for. Sidan 2016 har Marit tilbydd individuelle timar med healing og samtale.
MARIT SITT ARBEID PÅ ERA LIFE CENTER
Marit vil i periodar stille ut digital fotokunst på Era. Ho ynskjer at bileta skal vere ei støtte til å gjenkjenne vår sanne djupe essens og det enorme spekteret me er. Marit opplever bileta viser dimensjonar av verkelegheita som finst men som me har gløymt og har vanskar med å sjå. Me er opplært til å nytte berre ein liten del av sanseapperatet vårt og me treng utvide kontakten med sansninga. Sansane våre bærer i seg stor og viktig visdom.
Marit vil også tilby morgen meditasjonar på Era. Ein møtest då for å lande saman i stillheit og i likeverd. Me er alle kraftfulle unike vesen og har så mykje healande i oss, både for oss sjølve men også for felleskapet. Gjennom stillheit og væren sit me isaman og vaknar opp til djupare lag i oss sjølve. Stillheit kan også vere krevande, og det kan opplevast som ei støtte å meditera i felleskap.
For meir info om Marit sin kunst gå til maritljosne.com
For meir info om det Marit tilbyr som terapeut: levandelivet.no